Quantcast
Channel: NRK Filmpolitiet - alt om film, spill og tv-serier » The Weinstein Company
Viewing all articles
Browse latest Browse all 3

Hollywoods mektigaste satsar på TV

$
0
0

Han er kanskje best kjend for å vere så flink på marknadsføring at han klarte å skaffe Shakespeare in Love ein Oscar for Beste Film, rett framfor nasen på Saving Private Ryan. Gjennom produksjonsselskap som Miramax og Weinstein Company har Harvey og Bob Weinstein hjelpt fram filmskaparar dei meiner fortener ein plass i rampelyset – med eit godt auge for trendar i tida.

I eit nyleg intervju med New York Times trekk han no fram TV som staden å vere – etter at han i eit år har kjøpt rettane til ei rekkje TV-seriekonsept.

– Måten me sikrar stabilitet til selskapet på er ved å vere i TV-bransjen, sa Weinstein, som siktar på å gjere TV-delen av selskapet sitt like stort som kinodelen.

«The Butler» er blant årets Weinstein-prosjekt – som har fått Oscar-buzz, trass blanda mottaking.

Han er ikkje den einaste.

Førre veke gjorde Sony klart at dei kom til å slanke filmdelen sin – etter eit år med eit par store tapsprosjekt som blant anna After Earth og White House Down – medan dei skrur opp TV-produksjonen, som i haust blant anna avslutta Breaking Bad-serien.

Les også: Slik fant Weinstein «Kon-Tiki»

HBO ikkje overraska om Weinstein dukkar opp

I Noreg er Weinstein blant anna kjend for å ha kjøpt dei amerikanske rettane til filmen Kon-Tiki, ei historie frå verkelegheita som han sjølv hadde stor sans for som ung. Det førte til Oscar-nominasjon for Beste ikkje-engelskspråklege film på årets Oscar-utdeling, der den tapte for austerrikske Amour.

TV er derimot ei litt nyare bransje for han, men dei verkar å ynskje han velkomen.

– Ville eg vere overraska dersom Harvey tok med seg noko som passar for HBO? Ikkje det minste! seier Richard Plepler, administrerande direktør i HBO.

Inntil den dagen kjem har Weinstein bringa fleire prosjekt til store kanalar allereie, blant anna eventyrarserien Marco Polo hjå Netflix, Tolstojs Krig og Fred og Stan and Harvey (om siste del av Helan og Halvans humorkarriere) for BBC, og ein Entourage-aktig serie basert på den amerikanske kokken Michael Chiarello sine opplevingar.

Les også: Harvey Weinstein og BBC lager «Krig og fred»: – En enorm oppgave

Harvey Weinstein - 2011. (Foto: AP Photo/John Carucci)

Harvey Weinstein er ein filmmogul, som no ynskjer å leike i TV-verda. (Foto: AP Photo/John Carucci)

Tettare band mellom TV og kinofilm

Men vil han klare å gjere det same for TV som han har gjort for film?

– Den mykje brukte Weinstein-ekspertisen er å plukke ut éingongstilfeller av filmar som allereie er laga, vidare til distribusjon og marknadsføring. I TV-produksjon er det ikkje sikkert at desse eigenskapane er direkte overførbare, seier underhaldningsanalytikar Harold Vogel til New York Times.

Mange av TV-prosjekta er dog basert på større filmfranchiser, for å vere med på å halde merkevarene ferske. Weinstein håper å få i gang ein Sin City-TV-serie etter neste års filmoppfølgjar – men han arbeider òg med TV-versjonar av Skrik og Stephen Kings The Mist.

Les også: Bond-dame skal forføre deg i «Sin City 2»

Dermed kan årets Agents of S.H.I.E.L.D., ein storbudsjetts-TV-serie direkte knytt opp til kinofilmane i Marvels superheltunivers, bli noko ein får sjå i større grad i åra som kjem.

Kva trur du om Marvel-modellen – med delte historier mellom film og TV?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 3

Latest Images

Pangarap Quotes

Pangarap Quotes

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

HANGAD

HANGAD

MAKAKAALAM

MAKAKAALAM

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Trending Articles


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Libros para colorear


Mandalas de flores para colorear


Renos para colorear


Dromedario para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Love Quotes Tagalog


RE: Mutton Pies (mely)


El Vibora (1971) by Francisco V. Coching and Federico C. Javinal


Ang Nobela sa “From Darna to ZsaZsa Zaturnnah: Desire and Fantasy, Essays on...


Gwapo Quotes : Babaero Quotes


Girasoles para colorear


Dibujos para colorear de perros


Toro para colorear


Lagarto para colorear


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Tropa Quotes


Mga Tala sa “Unang Siglo ng Nobela sa Filipinas” (2009) ni Virgilio S. Almario


Amarula African Gin





Latest Images

Pangarap Quotes

Pangarap Quotes

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

HANGAD

HANGAD

MAKAKAALAM

MAKAKAALAM

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC